For nokre år sidan la Jon Eikemo Noreg for sine føter med diktarportrettet av Jakob Sande.
Nå presenterer han ein annan sentral skald frå skulesongboka, diktaren, sogeforteljaren og journalisten Per Sivle (1857-1904)
Sivle levde i ei brytingstid og var sterkt prega av dei store politiske tema i tida, parlamentarisme, demokratisering og nasjonalt sjølvstende.
Han var ikkje redd for å stikke hovudet fram og kom ikkje frå striden utan rifter i pelsen.
Livet hans slutta tragisk, men han etterlet seg nokre av dei flottaste songane i den norske songskatten, som "Den fyrste song", "Vesle lerka", ei rad patriotiske dikt og skjemtesoger, særleg Vossa-stubbar som er blant det beste i humoristisk forteljekunst.
Men den Sivle-teksten som kanskje flest kjenner og som har gjort sterkast inntrykk heilt frå Nordal Rolfsens lesebok og tvers gjennom alle Egners lesebøker,
er forteljinga om hunden Hall i den gripande soga Berre ein hund.
Stykket hadde urpremiere 19. september 2009 på det Norske Teatret.
Dagsavisen
www.dagsavisen.no/kultur/article440904.ece
Framsyninga i Fjaler er i auditoriet på Haugland
fredag 13. august kl 20.00 - 22.00 og er støtta av Den kulturelle spaserstokken.
Billettar: Spaserstokkpris kr 300,- (pensjonistar) Andre kr 350,-
Du kan kjøpe billett på Dale Bok og Papir eller tinge på førehand hos Jakob Sande-selskapet tlf 57 73 77 75 / mobil sms 99 54 87 67 epost tunet@jakobsande.no