
Magne Bjergene
|
|
Jakob Sande-selskapet vart stifta i 1991 på diktaren sin fødselsdag, 1. desember i Dale. Bak stiftinga stod Jakob Sande - vener frå heile Noreg.
Føremålet med selskapet er å styrke interessa for Jakob Sande sitt forfattarskap og anna kunstnarleg verksemd ved å -
- sjå til at Jakob Sande sine bøker og anna litterær verksemd vert gjort tilgjengeleg for ålmenta
- arbeide med utgjeving av publikasjonar om kunstnaren og hans produksjon
- arrangere årlege Jakob Sande-arrangement i Fjaler
Dei dei fyrste fire åra var Magne Bjergene leiar. I 1995 tok Kari Grov over og gjorde ein stor innsats fram til 2002. Både Magne og Kari har fått tildelt Fjaler kommune sin kulturpris for innsatsen sin for Jakob Sande-selskapet. Leonie Merts-Koning tok på seg vervet dei to neste åra og frå mai 2005 har Margrete Reisæter vore leiar for selskapet.
Selskapet har i åra det har eksistert, fått utretta svært mykje, med god hjelp frå ei rekkje dugnadsfolk, Fjaler kommune og andre. Tiltak vil vi nemne er: årlege Kobbeskjerkveldar og litteraturseminar, utgjeving av årbøker annakvar år, utgjeving av kassett/cd ”Jakob Sande les Jakob Sande”, konsertarrangør i Dale og Oslo, oppsetting av teaterstykket ”Jubelhornet” dramatisert av Rolf Losnegård til musikk av Kåre Sandvik, primus motor for overtaking av Klokkargarden og i har samarbeid med eigedomsstiftinga sett i stand Bestefarsstaua med Jakob Sande skattar og utvikla garden til ein kjær stad å vitje for folk frå fjern og nær. Og ikkje minst, reising av statua ”Vesle Daniel” i parken i Dale.
Antal medlemer i selskapet har halde seg kring 400 medlemer i lang tid. Som medlem får du tilsendt medlemsmelding og årbok. Vil du ikkje ha tilsendt boka, må du avbestille den på førehand.
Er du ikkje medlem? Du er velkomen med i selskapet! Sjå innmeldingsskjema og prisar der.