Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 jakobsande.no/Klokkargarden/

Om Klokkargarden


Frċ Jakob Sande-samlinga


Klokkargarden er Jakob Sande sin fødestad, og var lærar- og klokkargard i Dale frå 1862 til 1940-talet. Her voks diktaren opp i lag med fire søskjen, i ein heim prega av at foreldra var aktive på mange felt: Faren, Andreas Sande, var ordførar, Venstre-mann og målmann ved sidan av sitt arbeid som lærar og klokkar. Han fekk tilnamnet "Lysets fader" fordi han spelte ei aktiv rolle i å skaffe elektrisitet til bygda. Mora, Ragna Margrethe, var engasjert på mange vis i lokalsamfunnet. Det var ein open heim, og mange, frå alle samfunnslag, hadde ærend i Klokkargarden.

Jakob Sande-stiftinga overtok eigedomen i 1997. Seinare har selskapet og stiftinga gått over i ein organisasjon og idag er Jakob Sande-selskapet eigar av eigedomen i tillegg til å drive litteraturselskapet. Målet er å ta vare på Klokkargarden eller Jakob Sande-tunet vi også kallar eigedomen, og utvikle den som arena for gode kulturopplevingar. Vi legg stor vekt på å få fram kunnskap om Jakob Sande og hans dikting, men er og opptekne av potensialet som ligg i Klokkargarden når det gjeld formidling av lokal- og kulturhistorie.

Eigedomen ligg sentralt i Dale og er ein del av Tusenårsstaden for Fjaler.

På Klokkargarden står det fleire hus: våningshuset, der dei eldste delene er frå 1700-talet, løe, garasje og Bestefarsstaua, ei lita staue frå slutten av 1800-talet.

Bestefarsstaua vart restaurert og opna i år 2000, og hyser ei lita Jakob Sande-samling. Selskapet har samarbeidsavtale med Sunnfjord Museum om tilrettelegging av samlinga. Frivillige omvisarar og ungdom i sommarjobb tek i mot grupper og kafégjester og syner dei rundt i samlinga. Staua vert nytta også til konsertar, formidling og møte. 

Løa er ombygt og har frå 2011 vore nytta til tilskipingar, utstillingar, konsertar og utleige til feiring og markering av ulike slag. Ta gjerne kontakt for prisar og avtale.

Skular og organisasjonar nyttar og Bestefarstaua og løa både til opplegg om Jakob Sande.  

Våningshuset var inntil sommaren 2014 nytta til fast utleige gjennom heile året.  Frå 1998 - 2008 var her tilbod om Seng & Frukost / Bed & Breakfast. Frå sommar 2014 til haust 2016 var huset under full renovering og er no i bruk  diktar-residens/ rom til utleige i regi av Jakob Sande-selskapet.



 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys