Jørgen Alisøy, Hanus G. Johansen og Jan Haugen har tonesett dikt
Oversikt over tonesette Jakob Sande - dikt (siste oppdatering 14.04.08)
Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane har laga ein komp - CD med Sande - melodiar som var ferdig til sommaren 2006. Som eit utgangspunkt for dette arbeidet vart det laga ei liste over dikt det er sett tone og laga korarrangement til. Dette var sjølvsagt ikkje alt, for ingen diktar har truleg fått så mange ulike tonar sett til dikta sine som nettopp Jakob Sande.
Vi har bygd på lista som er ei blanding av profesjonelle komponistar og amatørar og det finst garantert fleire. T.d. har diktet "Til ei lita jente" seks melodiar! Tonane vert brukte i stor utstrekning til allsong, i korsamanheng og til framføring landet over. Vi tek lista med her for å syne kor stor breidda er og gjer merksam på at den ikkje er fullstendig og er sortert berre etter dikt og namn.
Vi held lista oppdatert etterkvart som vi får inn nye opplysningar, så vi er takksame for innspel.
For songar godkjende for utgjeving, sjå diskografien.