Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 

Idedugnad



Det var før...
Foto:ukjend
IDÉDUGNAD FOR JAKOB SANDE-TUNET


Som eit startsskot for "ny tidsrekning" i Jakob Sande-selskapet, vart det arrangert idédugnad for utvikling av det framtidige Jakob Sande-tunet i Dale, den 2. desember 2009.
Idédugnaden vart stelt i stand i samband med utbygginga av løa, som truleg allereie sommaren 2010 vil gje oss ein ny kafé og rom for møte, konsertar, foredrag, utstillingar o.l. Dette fører til eit heilt nytt og større bruksområde, og difor treng vi også nye idear og perspektiv for utvikling av tunet.

Kva ønskjer vi Jakob Sande-tunet skal representere, for medlemar, vener og besøkjande? Kva aktivitetar og hendingar ønskjer vi dei som kjem til tunet skal få oppleve? Korleis kan vi klare å trekkje nye grupper besøkande, og gjere det freistande både for ungdomar og bilturistar å ta turen innom oss?

Det var ein liten, men interessert gruppe som samla seg i Studio Nova i Dale denne onsdags ettermiddagen. Av desse var fleire frå styret, nokre medlemar og fleire kulturaktørar frå Dale, m.a. grafikaren Harald, kulturprodusenten Ingrid, tekstilkunstnaren Karina og designaren Dana frå Tyskland. Alle syntest det var spennande å få vere med på å skape nye idear for den nye utviklinga.

Deltakarane vart delt inn i små grupper og fekk fleire utfordringar som skulle løysast. Første oppgåve var å finne assosiasjonar rundt Jakob Sande og Jakob Sande-tunet, og seinare setje seg inn i kva som vil hende i Jakob Sande-tunet sommaren 2010. Diskusjonane vart mange då dei skulle finne ut noko meir rundt spørsmåla: Kva vil vi besøkande i tunet skal oppleve, kvifor kjem dei hit, kvifor vil dei tilbake og korleis kan vi få ei utvida kundegruppe og meir lojale kundar? Gruppene skulle også lage sin eigen framtidsvisjon og sjå for seg kva som vil hende i tunet i året 2020, noko som ikkje var ei heilt lett oppgåve.

Det vart også to føredrag om tema som var dekkande for framtidig satsing og utvikling for Jakob Sande-tunet. Åshild Widerøe, programansvarleg ved Ivar Aasen-tunet, heldt eit innlegg om kulturaktivitetar og korleis ein kan arrangere desse aktivitetane. Ho la særleg vekt på kor viktig det er å trekkje fram det unike vi allereie har, t.d. Jakob Sande-seminaret og Kobbeskjerkvelden, og at det var viktig at dei lokale blir engasjert i arrangement og aktivitetar. Marny Skeie Henkel, prosjektleiar frå Lølandstiftinga og Diktarvegen, heldt eit innlegg kor ho trakk linjer mellom prosjekta ho jobbar med og la inn forslag på korleis Jakob Sande-tunet kan utviklast.

Ettermiddagen og kvelden var fylt med god stemning og mange kreative sjeler, og då dugnaden var over hadde det kome fleire gode forslag frå deltakarane på kva som kan gjerast både i nær og fjernare framtid. Vi gler oss til å sjå om fleire av desse ideane kan vere med å utvikle Jakob Sande-tunet i åra framover.

Therese Kristin Tokle, dagleg leiar, Jakob Sande-selskapet

 

 



Sist endra: (30.12.09 - 22:45)   Attende til startsida
 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys