Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 

CD med Jubelhornet


Ny CD i sal no, med opptak frå oktober 1995/ konsert på Sandane.

CD-en Jubelhornet Jakob Sande får du kjøpt

  • her på nettsida i Krambua eller
  • i Krambua i Bestefarsstaua, Jakob Sande-tunet i Dale eller
  • send ein epost til selskap@jakobsande.no eller
  • ring tlf 99548767  

Vi sender ut fortløpande. Den er også å få på Dale bok og leikar og hos Joker Flekke. Etter kvart kjem den sannsynlegvis fleire stader rundt omkring på bokhandel og nærbutikk.

Jubelhornet fortel om Jubelhornet
I samband med Jakob Sande-revyane 1981-1983 og 1985-1986, vart det stor etterspurnad etter Jakob Sande i tekst og tone. Visegruppa vart soleis til med Jørgen Alisøy, Jan A. Haugen og Andreas Ramstad som dei faste medlemene. Dei andre som var med i starten, var Olav A. Halsnes, Ragnhild Fure, Eli Bjørhusdal og Einy Rochlenge Bortheim.

Frå om lag 1989 vart det ei fast gruppe med Jørgen, Jan, Andreas, Eli og Torill Sagen. Vi reiste mykje rundt og var ...mellom anna fleire gonger på oljeboringsplattformer i Nordsjøen og vi gjorde innspeling i NRK, inkludert eige fjernsynsprogram.

I 1991 kom Ane Persdotter Østby inn i staden for Torill. I 1993 fekk visegruppa namnet Jubelhornet, etter novella med same namn av Jakob Sande.
Jubelhornet var til Nicaragua i 1993, som ein lekk i utveksling av kultur i regi av Noregs ungdomslag. På denne turen var Elin Pehrson Grytting med i staden for Ane.

I 1994 hadde vi eit samarbeid med Husdråpane; Karette Stensæth og Einy Rochlenge Bortheim, Siri Katrine Bøe og Edvin Helgheim. Hallvard Arstein kom no inn som fast medlem på bass. Dette resulterte i NRK–innspeling av nytt stoff frå Karette, Edvin og Jørgen. Under NU-stemna i Dale i 1995 hadde denne gruppa ein stor konsert i Fjalerhallen for 1200 menneske. 

Jubelhornet vart oppløyst i 1996.

Etter ei stund vart det spørsmål om Jubelhornet kunne kome å spele, og gruppa vart vekt til live att, no med Joy Taylor og Anne-Hilde Skadal. Det vart øvd inn både gamalt og nytt stoff, og vi hadde ein del konsertar rundt omkring og deltok på 100-års feiringa for Jakob Sande sin fødsel i 2006.

Det har vore stilt ei stund no, heilt til Andreas kunne fortelje at vi hadde fått lov til å gje ut CD , etter eit brev han sende Siri Sande. Det som no vert gjeve ut, er eit konsertopptak frå Aulaen på Sandane i oktober 1995. Det vart gjort opptak av «lydmannen» Ivar Rønnekleiv utan at vi visste om det.

5. og 6. november var det altso duka for «gamle» og «nye» Jubelhornet, både kvar for seg og i lag i Trudvang, Dale med fulle hus og CD-signering 



Sist endra: (11.11.16 - 21:40)   Attende til startsida
 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys